Publisert av:
31/5/2010 20:31
Klart for turorientering
Til helga startar salet av turorienteringskart. Desse får du kjøpt hos Esso Våge, Flakkavåg Handel, Joker Uggdal og Bruntveit Handel. I Lunde tar ein kontakt med Jan Belt (tlf 97772185) fram til butikken opnar igjen.
Dei 20 postane er plassert rundt i Tysnes-fjella av Jan Belt (Lundegrend idrettslag), Bernhard Skjolde (Onarheim idrettslag), Asle Bernt Rekve (Uggdal idrettslag) og Marit Nancy Allard Gjøvåg (Reksteren idrettslag). Utan desse – ingen turorientering.
– Ifjor vart det seld om lag 45-50 kart noko som er brukbart. Eg tenkjer då at det er to-tre som brukar kvart kart, så då er det eit brukbart tal, seier primus motor Sigurd Bjordal til Tysnesingen.