Kjøp andeler i Våge Havn DA
8/4/2009 06:42
Våge Havn DA er under skiping, og det blir i desse dagar sendt ut teikningsinvitasjon med post til dei nærmaste husstandane. Ein del andeler er teikna, men det er framleis eit stykke til målet om 700.000,- i eigenkapital. Total ramme for opprustinga er 1.600.000,-.
Interesserte kan henvenda seg på vaagehavn@gmail.com så vil du få tilsendt full dokumentasjon og teikningsblankett. Alternativt kan du henvenda deg til Lars Petter i Vågebuo.
Andelane vert selt i partar a kr 2.500,- og me håpar på at så mange som mogleg vil vera med og gje Våge og innfallsporten til Tysnes det løftet som er naudsynt for å vera ein attraktiv plass å reisa til.
Dersom du ynskjer å hiva deg rett over nettbanken, er kontonummer til Våge Havn DA 3525 10 27100 i Tysnes Sparebank. Andelsbrev vil då verta tilsendt.