Kjetil Hestad skal vekkja Tysnes frå mangeårig stillstand

Publisert av:
30/9/2010 07:38

Me er veldig glad for at Kjetil Hestad har takka ja til å verta nominert som Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat i Tysnes kommune seier formann i valnemnda Bjarte Erstad.

-Kjetil Hestad har alle dei kvalifikasjonane som no trengst for å løfta Tysnes ut frå mangeårig stillstand. Tysnes treng ein ordførar med den vilje og pågangsmot til å skapa, fornya og forbetra som Kjetil har, samtidig som han er samlande på tvers av politiske skillelinjer, sier Erstad.

Kjetil Hestad er til dagleg politisk rådgjevar i Arbeidarpartiet si Stortingsgruppe. Han er og leiar i Tysnes Arbeidarparti og nestleiar i Arbeidarpartiet sitt A-utval for Sunnhordland. Kjetil Hestad har gjennom sitt arbeid lokalt og sentralt skaffa seg eit uvurderleg nettverk og kunnskap om politiske prosessar som er heilt naudsynt, og som gjer han til eit naturleg val som ny ordførar i Tysnes kommune, seier Erstad til slutt.