Kjempetur

Publisert av:
7/8/2013 19:42

Kunne nok vore brukt brakasaks på veg opp til Veghamrane.
Vakkert utsyn til Det heilage vatnet, den heilage garden, vasstølen, Ådnastegen, Breistølen,Grostølen og dei 3 fjelltoppane som er over 700 m. på Tysnes.

Trefte mange beitepussarar og fekk kaffi på Ådnastegen hos ekteparet som såg etter dei firbeinte beitepussarane denne veka. (Dei hadde kvar sin hund med). Dei var på jakt etter eit lam som hadde knekt foten og såleis berre hadde 3 friske bein å koma seg fram på.

Avtale vart gjort for dugnad på rydding av sti frå Grostølen til Ådnastegen i oktober.

[bilder]