Kjempeinnsats av Njardar 98

Publisert av:
9/5/2011 06:16

Pga konfirmasjonshelg og skadar hadde me berre ein innbytar med oss. Så det blei ein lang og varm kamp for gjengen vår. Dei 2x35min i steikande sol var årets fyrste kamp. Motstandaren som hadde heimebane og 6-7 innbyttarar kunne tatt motet frå dei fleste. 

Fyrste omgang starta med fleire angrep fra motstanderen som blei godt avverja. Etterkvart fekk Njardar tak på kampen og til pause leda me 0-1. Då var dei fleste Njardarane godt slitne. Etter starten av andre omgang rakna det litt slik at Vaksdal etterkvart leda 4-1. Då det var 6 minutt att lausna spelet vårt framover samt at motstandaren ikkje klarte å henge med. Når kampen vart avblåst hadde Njardar fire nye mål slik at kampen enda 4-5 til Njardar.

Dette var nok ein av dei beste kampane av i laget si historie. Dette viser at god trening gir resultat.

Turen til Vaksdal var ei fin oppleving av Vestlandet i solprakt. Motstandaren Vaksdal hadde eit flott anlegg som til og med hadde open kiosk med is og brus til ære for den eine kampen som gjekk mot oss.

Desse var med: Alf Inge, Arild, Eivind, Eline, Elvis, Johannes, Karl Henrik og Trym