Flanellograf om Peter sin fiskefangst blir sett opp.

Kjekt med søndagsskule

Publisert av: May Britt Meland
22/9/2020 14:15

Etter ei lengre pause har søndagsskulen no starta opp att. Laurdag formiddag, 19. september, var det samla born og foreldre til familiesøndagsskule i Tysnes bedhus.

Dei yngste samlast i storesalen, medan dei eldste hadde eigen klubb.

Tema for dagen var Peter sin fiskefangst, og på programmet stod bibelforteljing, song, leik og teikning.

Fargelegging av timeplanen til søndagsskulen.

 

Fiskegarn fylt med sjølvlaga fiskar.

 

Kjekt å freista fiskelukka.

 

Foto: Anne Merete Blichfeldt Dalland