Kjekt med bingo

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/11/2025 09:34

I Tveit grendahus var det tysdag kveld duka for siste bingo av året.

Og med tema« jul» var det fine og varierte gevinstar ein kunne vera heldig og vinna.

Bingoen har vore godt likt og oppmøte har vore bra kvar gong, kan arrangør Onarheim og Tveit bygdalag v/ Anne Langeland og Lars Mæland fortelja.

Bingoen var opprinneleg oppretta av tidlegare «kontakten» no frivillighetssentralen i Tysnes , for seniorane i bygdene.

Først holdt dei til på Hovland aldersheim og sidan i Tveit bedehus. Då alderen vart for høg i gruppa, klarte dei ikkje styra med det sjølv lenge . Dette synest ein var trist att seniorane ikkje hadde noko tilbud lengre, og det blei då overtatt og ført vidare av bygdelaget, seier iniativtaker Anne.

Bingoen har også blitt populær blant alle aldersgrupper, og me synest det er kjekt att det no går på tvers av aldersgrensene.

Mestvinnande bordet

Sigmund Hovland er godt fornøyd med vinnarlukka og kunne ta med heim fleire av premiane.

I pausen vart det servert lussekatter og kaffi, og desse smakte veldig godt, noko som ein fekk fine tilbakemeldinger på.

Det er kjekt og lage til og arrangere bingo når både folk møter opp og dei kosar seg under bingoen, som er det viktigaste for oss avsluttar Lars og Anne.

Bingovertane Lars og Anne er godt fornøyd med vel gjennomført bingo.