Kjekk elevkveld på ungdomsskulen

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/10/2018 08:32
Elevkveld onsdag 24.10.18
Onsdag kveld gjekk skuleårets fyrste elevkveld for ungdomsskulen av stabelen. Komiteên, som består av elevar i 10. klasse, var rundt i klassane tidlegare på dagen og spurte kor mange som hadde tenkt seg dit, og det var berre ca 30 elevar som sa dei kom. Komiteèn var litt redd for at det skulle bli for lite folk, men då kvelden kom, så dukka det opp ca 60 elevar. Kvelden starta med songen Boom Boom Boom Boom av Vengaboys. Stemninga var litt så som så i begynnelsen, men tok seg opp utover kvelden.
Etter fyrste slowdance var det litt klein stemning blant dei yngste, men også det betra seg utover kvelden.
Etter fyrste pause hadde me ein leik som heiter skoleiken. Gutane samla skoa sine i ein haug, og jentene i annan haug. Deretter plukka me ein og ein sko, annankvar frå gutehaugen og jentehaugen. Dei to som fekk skoa sine trekt samtidig, skulle dansa slow ilag.
Litt seinare på kvelden vart det allsong blant alle som var der. Me sette på Bare så du vett det av Stavangerkameratane og Krabbeklo av Bjørn Hellfuck, der alle song med. Det vart god stemning og alle koste seg mykje.
 
Mot slutten vart det veldig varmt grunna dårlege luftemoglegheiter i musikksalen på skulen, men det løyste seg med pausane me hadde.
Alt i alt ein vellykka elevkveld. Me i komiteên håpar alle trivdes, og at alle kjem igjen neste gong:)
Med vennleg helsing Marita F. Lunde og Thomas H