Kan ofra 33 sekund

Publisert av:
14/1/2015 10:02

Når brua mellom Hodnanes og Jektevik skal byggast, meiner Gerhard at ein kan dimensjonera standarden på brua for 80 km/t, i staden for 110 km/t som det vert planlagt med i dag.

Gevinsten ved å  senka kravet til fart over brua og tilkoplinga til den, er at brua kan byggast kortare, meir på tvers over langenuen. Ein står også friare med tanke på korleis ein dimensjonerer kryssa inn til brua. Eit toplanskryss på Hodnaneset vert då gjennomførbart. 

Får ein til ei løysing med brukryssing  og toplanskryss sør på Hodnaneset vil heile regionen vere best tent med det i følgje Alsaker.

Les heile lesarbrevet hans i Sunnhordland.no.