Kampar mot Kvinnherad
25/11/2012 18:59
Begge laga spelte dobbelt med kampar mot gjestane Kvinnherad i Tysneshallen søndag.
Første kampen til jenter 10 vart ein svært spanande kamp. Til pause leia Kvinnherad 4-1, men 2.omgong vart ein heilt annan affære. Tysnes reduserte to gonger til 3-4, før Kvinnherad gjekk opp i 3-5 leiing berre eit par minutt før slutt. Men to skot frå vingen Trine Gundersen suste i mål og dermed enda kampen 5-5.
I deira andre kamp var det jamnspelt før pausen. Men det var få mål grunna vera to gode målvakter hjå begge lag. Det stod 1-2 til Kvinnerhad før 2.omgong byrja. Men etter kvilen glapp konsentrasjonen i forsvar og gjestane fekk gå opp med tre måls leiing. Tysnes reduserte på slutten, men måtte til slutt sjå seg slått med 3-5.
Desse spela på J10: Martine Olsen Ludvigsen, Malene Skår Hagen, Mari Meland, Hedda Kaasa, Karoline Hauge Hansen, Trine Gundersen, Malene Kristine Alsaker, Solveig Reiso, Sarah Folgerø, Ida Solheim.
I J11 sin første kamp var det nokonlunde jamnt resultatmessig før pause. Kvinnherad hadde fleire mål inne, men vart avblåse av dommaren. Kvinnherad leia likevel 4-6 til pause, trass fleire fine mål frå Tysnes.
I 2.omgong hadde J11 nokre god forsøk, men Kvinnherad drog i frå utover i omgongen. Gjestane hadde 2-3 spelarar som var hakket betre enn alle andre, og dei utgjorde så stor fordel at Kvinnherad til slutt vann 9-16.
Jenter 11 vann den andre kampen mot Kvinnherad (13-11) etter mykje flott spel og god jobbing, melder trenar Øystein Bakke.
Desse var med for J11: Eline Stikholmen, Ingeborg Flakke, Maria L. Hagen, Norunn Ebbesvik, Hege Kongsvik, Signe P. Opdal, Petra Sløgedal, Julie Bakke, Kristine Flygansvær.