Kamp om lefsa

Publisert av:
29/10/2010 20:17

Ordførar i Os, Terje Søviknes, har avtalt møte med administrerande direktør i Rieber & Søn for å høyra om det er noko Os kommune kan gjera for behalda lefsefabrikken på Os, skriv midtsiden.no.

Søviknes skryt over Vestlandslefsa og vil gå langt i å få framleis produksjon i Os. Os-ordføraren trur Os kan matcha Arna når det gjeld bidrag frå det offentlege, men innrømer at Tysnes nok har sterke kort i høve til distriktsmidlar som Os ikkje har same tilgang på.

Men fabrikklokala i Hegglandsdalsvegen er for små og det er ikkje mogleg å utvida dagens fabrikk. Fabrikksjef Jan Arne Vevatne seier til Midtsiden har dei eigentleg ikkje har noko alternativ på Os, så det er nok Arna eller Tysnes som ligg best an.