Kjøkkenhage kurs med Ida frå “Draumen om eit småbruk”

Bygdastovo på Flatråker
17. mars kl. 12:00
KJØKKENHAGE – kurs med Ida frå Draumen om eit småbruk!

Me er så heldige å få Ida frå tv serien DRAUMEN OM EIT SMÅBRUK på besøk i Bygdastovo, for å halde kurset hennar KJØKKENHAGE – for nybegynnere og dei som har dyrka litt.

Ida Kleppe er utdanna gartnar, og jobbar som grønnsaksbonde på Lundemannsverk på Stord.

PRAKTISK INFO:
  • Inngangspengar: kr 50 for medlemmar i Flatråker Bygdalag, kr 100 for andre.
  • Påmelding: send sms til May Siren tlf 91131582. Du vil få bekreftelse på plass, og vipps nummer pr sms. Har du ikkje vipps, ordnar me det på anna vis.
OBS!! Begrensa plassar, så første mann/kvinne til mølla!

Me i styret i Bygdalaget gler oss veldig.

Velkomen til ein inspirerande føremiddag.