Kino i Grendatun: Kaptein Sabeltann og den magiske diamant

Grendatun kino
29. september kl. 17:00

Kaptein Sabeltann og den magiske diamant

Den livsfarlege jungelfyrsten Maga Kahn og den onde dronning Sirikit har endeleg fått tak i den magiske diamant. Ryktet seier at den kan oppfylle ønsker ved fullmåne. Maga Kahn drøymer om å kunne tåla sol slik at han fritt kan bevege seg ut av den mørke jungelen, men innan måneskinnet kjem, blir diamanten stjåle av gutungen Marco. Ein rasande Maga Kahn sender alle sine apesoldatar ut i jungelen for å jakte på gutungen. Den magiske diamant må tilbake, kosta kva det kosta vil!

Samtidig har Pinky slått seg til ro i Kjuttaviga og lever bekymringslause dagar, medan Sunniva kjeder seg og drøymer om eventyr. Eventyret kjem frå uventa hold når Kaptein Sabeltann og hans mest betrudde menn plutselag dukkar opp. Snart befinner Pinky og Sunniva seg om bord på Den Sorte Dame i eit vanvittig kappløp for å finna den magiske diamant.

Sjanger
Barnefilm
Familiefilm
Originalspråk
norsk
Aldersgrense
Tillatt for alle
Begrunnelse
Denne animasjonsfilmen inneheld enkelte kortvarige dramatiske scener. Då desse skjer i eit etablert eventyrunivers som me legger til grunn er kjent for barn, antas filmen å ikkje virke skadeleg på dei yngste. Filmen blir derfor tillatt for alle.

 

Filmomtale og bileter er henta frå Filmweb.no