Fellestur saman med Os turlag:
Os turlag har avreise frå Os Næringspark kl. 9. Ferje 09:15 fra Halhjem. Ankomst Våge 9:50.
Vi køyrer til Skaret på Tysnes der turen starter klokka kvart over ti.
Turen byrjar på traktorveg, til vi kjem til Vasstølen. Litt bratt i stigninga frå Vasstølen og opp Sandloppeskaret.
Frå Hovlandsnuten, 727 moh, er det eit vidt utsyn i alle retningar, over Bjørnafjordbassenget – mot Kvinnheradsfjella og ut mot havet.
Me går ned att via Etlådne, Breistølen, Vasstølen og endar opp ved bilane på Skaret slik at dette vert ein rundtur på ca 10 km.
Les meir om turen her: https://ut.no/…/spektakulr-tur-til-hovlandsnuten-og…
Vi må passere nokre snøfonner så gamasjer er praktisk.
Gode fjellsko anbefalast, ta med eigen lunch, og kle deg etter vêret.
Det er ein litt strabasiøs tur så deltakarane må vere i god form.
Deltakarar frå Tysnes møter på Skaret kl 10.15.
Turen er gratis og open for alle.