Lokalhistorikar og forfattar Knut Rage fortel om visa «Anne Knutsdotter».
Men kven var eigentleg Anne, og kvar finn vi Uren Luren? Då bergensaren Claus Pavels Riis skreiv teksten på 1860-talet, levde han som proprietær på Nymark. Ifølgje ein tradisjon fann han inspirasjon i ein brattlendt husmannsplass oppe i heia, og den vesle, halte husmannsjenta Herborg.
Om Anne Knutsdotter og andre særmekte historiske kvinneskikkelser frå Tysnes vil Knut Rage fortelja meir om i dette foredraget, som varer ca. 30 min. Det vil også vera bøker for sal.
Kiosken, utstillingane og museet er sjølvsagt opne frå kl 12 -16 som vanleg😊