Kafé i emning

Publisert av:
15/3/2011 21:35

For eit par månader sidan vart grunnarbeidet til den nye kaféen i Lunde starta.

Dei siste vekene har snekkerarbeidet teke til og no ser ein godt korleis kaféen vil sjå ut frå utsida. Den vert bygd i tilknytning til Lunde Senter og ligg like ved det nye inngongspartiet til Bunnpris-butikken.

Det var i fjor sommar at kafétilbodet ved Lunde Senter fall vekk, då den nye butikken til Bunnpris vart innreia. Tilbodet om ein samlingsplass har vore eit sakn, og dermed satsar ein no ved å byggja eit tilbygg til Senteret som vert den nye kaféen i bygda.