Publisert av:
5/1/2009 17:27
Kabaret i februar
Som Tysnesingen skreiv i sommar sysla Anders Bakke og Kolbjørn Tvedt med å laga ein kabaret med bakgrunn i far til Kolbjørn, Jens Tvedt, sine tekstar.
“Linjer i livsens bok” er namnet på kabareten som vil bli synt to kveldar; 27.feb. i “Frilund” Lunde, og 28.feb. i “Vonheim” Våge.
Tonesettet er av Kolbjørn og Anders, og sistnemnde har skrive manuset til kabareten som har mange lokale aktørar involverte.
Plakatar om kabareten heng no rundtom i bygdene, og billettsalet vil føregå den 17.januar frå kl. 10 til 14 både ved Triangel og Lunde senter. Eventuelle restbillettar får ein kjøpa på Vågebuo, og i tillegg kan dei i Lunde få tinga restbillettar hos Kolbjørn på 977 17643.