Julie Bergan kjem tilbake til Tysnesfest!

Publisert av: May Britt Meland
19/3/2026 18:57

Forrige gong ho besøkte oss i 2023 klarte vêrgudane å sette ein stoppar for pop-dronninga frå Skien, men no kjem ho knallsterkt tilbake for revansj.

Julie Bergan er kjent som som ein av Noregs råeste og mest talentfulle liveartistar med sine spektakulære og energiske show der ho dansar minst like bra som ho syng. Over dei siste ti åra har ho levert ei rekke hitlåtar, som til dømes “Ignite”, “Arigato” og “Kiss Somebody”, jobba saman med store stjerner både i Noreg og internasjonalt, og dessutan vore dommar på Norske Talenter og hatt sitt eige radioprogram på Radio Topp 40.

No er Julie i det ho kallar sin “eurodance-era” og har nyleg gitt ut EP-en “Euronites” som er ein hyllest til den legendariske 90-tals synthpop-sounden.

 

Me garanterer ei eksplosiv konsertoppleving når Julie inntar scena
som nest siste artist ut på fredagen på Tysnesfest 2026!