Publisert av: Martha Nygård Lande
9/5/2019 20:37
Julie Bergan kjem til Tysnesfest!
Julie Bergan har vist seg å være ein av dei mest ettertrakta og energiske liveartistane landet har å by på!
Med sin livlige personlegdom, kraftfulle vokal og altoppslukande framføringsevne skyt ho publikums
forventningar til himmels, og innfrir så til dei grader!
Det unge talentet har samla meir enn 500 millionar musikk-strøymingar og tala tikkar oppover kvart sekund.
Etter hennar fyrste smak på eit internasjonalt gjennombrudd med «All Hours» og «Arigato» har Bergan spela konsertar over heile verda. Både solokonsertar og som stødig oppvarmar for verdsidol som Justin Bieber, Dua Lipa og Jesse Glynne.
I 2018 turnerte ho verda over med Alan Walker på internasjonale megafestivalar som Coachella i USA og EDC i Japan.
Julie tek med seg eit fullspekka liveshow og trer inn i ein allereie festspekka lineup på laurdag 13.juli!
Her er blant anna Ina Wroldsen, Kjartan Lauritzen, Broiler og Kriminell Kunst lansert!
Med venleg helsing / Best regards
Øystein Vaage
Dagleg leiar / CEO
Stiftinga Tysnesfest