Publisert av: Vegard Aslaksen
4/11/2018 13:00
Juleverkstad for 5 åringer.
Laurdag den 3 november var det full julestemning på formingsavdelinga på Tysnes skule.
Ivrige 5 åringer fekk laga mykje julepynt med god hjelp av Mari-Anne Skorpen og 5 damer frå Tysnes Bygdekvinnelag. I pausen kosa borna seg med pepperkaker og saft. Kanskje vert det flotte heimelaga julepresanger for foreldre denne jula?
Tekst og bilete; Jorunn Bjordal