Publisert av: May Britt Meland
3/12/2024 19:46
Julemarknad i Kulturløo
Regn og kulde la ingen dempar på stemninga då Kulturløo på Drange arrangerte den årlige julemarknaden laurdag 30. november. Variasjonen blant utstillarane var stor. Her kunne ein finne blant anna: keramikk, strikketøy, smykker, tekstiler, søm, konfekt, håndarbeid, lefser, bøker, ost, brød og honning.
Det var foredrag av Anne Elisabeth Skogen der ho presenterte si nye bok «Over havet til Amerika», ei barnebok for både barn og vaksne.
Fjøsnissen hadde gjøymt seg, men etter en liten leiteaksjon fann borna han, og fjøsnissen fekk seg en god tallerken med graut.
Foto: Hilde Rusten
Lars og Hans skreiv ønskeliste til nissen.
Foto: Hilde Rusten
-Mykje flott å velgja mellom på marknaden!
Lesarfoto
God førjulsstemning med ei julepynta løa.
Lesarfoto