Publisert av:
3/12/2010 17:59
Julegrana tent
Eit trettitals personar, store og små frå heile øya, møtte fram på Våge kai då den store julegrana vart tent klokka seks fredag ettermiddag.
Julegrana står ved gjestebryggja og vil vera ein flott velkomst til folk som kjem til Tysnes denne vegen.
Ordførar Helge Hauge held ein kort velkomsttale og kunne fortelja at grana var sagd ned på Rolse. Trond Helland kveikte i ljoset og Bent Peder Fossdal stod for eit flott fyrverkeri i same slengen.
Det vart servert varm graut og gløgg, noko som fall godt i smak i kulden.