Julegateopning Lunde

Publisert av:
28/11/2008 21:30

Mykje folk var samlast ved Lunde senter under julegateopninga i Lunde klokka 18 i ettermiddag.

For å halda seg tørrskodd i det gufne véret, så var det sett opp store telt med bord og stolar på plass under.

Før nissen dukka opp vart ein ønskt velkommen med veldig god gløgg som Tore Atle Humlevik delte ut. Deretter var det underhaldning av nissekorpset til Tysnes skulekorps, og ungane fekk testa ut stjerneskot. Då nissen omsider kom, stimla ungane rundt han for å sjå om han hadde med noko godt til dei.

Alle bilete: Wenche Fagerbakk.