Julabord i Vonheim

Publisert av:
11/10/2011 13:56

Me inviterer herved alle tilsette (med ektefelle/partner) i di bedrift til ein hyggjeleg førjulskveld saman med kollegaer frå andre bedrifter på Tysnes.

Det blir koldtbord med ulike typar pålegg, fisk, sild og salatar, samt ein varmrett (pinnekjøt m/ tilbehør) og dessertar.

Det vil bli servert ein velkomstdrink ved framkomst, og kaffi etter maten.
I tillegg vert det litt underhaldning frå scenen.
Dette kan me tilby for kr. 550,- pr. person.

Drikke til maten og evt. avec til kaffi er ikkje inkludert i prisen og må dekkast av den enkelte. Etter maten held me baren open og det vert råd til å få svinga seg på dansegolvet. Dersom bedrifta ynskjer bongar, kan det ordnas.

Høyrest dette freistande ut?

Bindande påmelding (pr. bedrift) innan 01. nov. til Eirin Dalland e-post: eirin.k.dalland@gmail.com
tlf. 45416196 (helst etter kl. 16.00)

Me har plass til 120 personar og fyller opp lista fortløpande så ikkj e vent for lenge!!

Helsing Tysnes Ungdomslag