Publisert av: Johnny Helgesen
22/12/2017 12:46
Jostein Mehl storspela under Palfinger sitt klubbmeisterskap i bowling 2017.
Palfinger (tidlegare Harding) arr. kvart år klubbmeisterskap i bowling i Tysneshallen.
Det er 12 stk. som til ei kvar tid er kvalifisert for mesterskapet. Året mesterskap gjekk av stabelen Mandag 18. desember.
Ein klar vinnar ble Jostein Mehl med serien 171-205-247-169 som gjer eit pinnefall på 792 og eit snitt på 198 over 4serier. Nr 2. vart Tommy Bjørkelund med pinnefall 667. Og bronsen gjekk til Stein Teigland pinnefall 567.
I handikapturneringa gjekk også Jostein av med seieren. Her vart Kåre Uglehus nr 2. og Erlend Sundfjord nr 3.
Vi vil retta ei stor takk til eldskjelene i bowlingen på Tysnes som legg til rettes for oss, slik at me kan få halda på denne tradisjonen.
Mvh. Bowling intusiastane fra Ølve.