Publisert av: May Britt Meland
3/11/2020 11:06
Jordmoravtale med Stord kommune
Tysnes kommune melder i dag på heimesida si at dei no har inngått ein avtale med Stord kommune om kjøp av jordmorteneste.
Dette er i påvente av tilsetjing av eigen jordmor.
Samarbeidsavtalen inneber at Stord skal levera følgjande tenester til Tysnes:
- Ta imot gravide til konsultasjonar, etter retningslinjer som til ei kvar tid gjeld i Stord kommune.
- Gjennomføra heimebesøk etter nedkomst. Vert utført av jordmor frå Stord kommune i Tysnes kommune.
- Samarbeida med tenester som er vurdert naudsynt for jordmortenesta
- Utføra svangerskapskontrollane på ein av Stord kommune sine lokasjonar for helsestasjon. Det vert avtalt i kvart enkelt tilfelle mellom jordmor og den gravide
Les meir på Tysnes kommune si heimeside