Publisert av:
23/6/2016 19:09
Jonsokfeiring i Apalvika
Det var god stemning i Apalvika i kveld då Bygdalaget og Ungdomslaget inviterte til Jonsokfeiring.
Her var både bål og grillar, ja, til og med trekkspelmusikk for dei som ville svinga seg denne uvanleg flotte midtsommarkvelden.
Eliasbåten var eit svært populært innslag, og mange av dei minste fekk seg ein tur utpå vika.