Jenter i støtet

Publisert av:
26/5/2011 20:25

I går var damelaget i aksjon på Vassbakken mot Løv-Ham. Det var ein ny god kamp og nok ein gong ni scora mål. Njardar vann med 9-1 etter mål frå Victoria Søreide 2, Renathe Hagen-Lunde 4, Marita Lie Nesse 2 og Karoline Dalen.

I ettermiddag hadde jentelaget besøk av Samnanger på Reiso. Gjestane måtte reisa heim med heile 0-13 tap. Målscorarar for Njardar var Renathe Hagen-Lunde 9, Hanne Storesætre, Michelle Borgen, Heidi Kongsvik Hjelland og Helene Jekteberg Bakke.

Nok ein storsiger til jentelaget !
Samnanger vitja Vassbakken torsdag. Etter fjorårets kampar mot same motstandar, trudde me det skulle verta ein jamn kamp. Det viste seg snart at Njardar var totalt overlegne. Det var ikkje gått mange minutt, før Heidi K. Hjelland ordna 1 – 0. Like etter var skåringsmaskinen Renathe Hagen-Lunde frampå med 2 – 0.  Ho skåra ikkje mindre enn 9!! mål i denne kampen.

Det stod 6 – 0 ved pause.Berre Michelle R. Borgen skaut ballen i mål mellom Renathe sine brilliante puttingar. Dei to siste måla vart laga av Helene J. Bakke og Hanne Storesetre, slik at sluttresultatet vart 13 – 0.

Når eit lag er so overlegne som Njardar var i denne kampen, er det viktig å finna forbetringar i spelemønsteret. Rettleiing frå sidelinja er spesielt viktig i medgong. I motgong er ros einaste aksepterte frå ein trenar. Slik kan spelarane verta betre både i medgong og motgong.  Jentelaget har eit stort potensiale, men er enno  veldig avhengig av Renathe offensivt. Defensivt er dei svært gode, med berre 5 baklengs på 4 kampar. Det er sterkt i 7-ar fotball.

No har laget ein kamppause fram til 18 juni, og då bør laget jobba med enno betre pasningskvalitet og bevegelse, samt avslutningar.
Helge Olav Instøy