Jaattlaget.com
9/7/2014 05:51
Arbeidet byrja kring påsketider, har halde på utover våren og vart avslutta med lanseringa av nettstad i engelsk versjon (jaattlaget.com/en) i juni.
Når det gjeld den engelske versjonen, er dette etter det Venelaget kjenner til den einaste historiske nettressursen om Tysnes på engelsk. I Venelaget vonar ein no at den engelske sida kan bidra til ny informasjon og stofftilgang om jåttseglarane, som laget kan ta vare på og gjera seg nytte av. Dette vil samstundes vera eit stort pluss for heile tysnessamfunnet si lokale soge.
Med dette nye og spennande verdsomfattande tilfanget som nettsida gjev, har Venelaget auka både aktivitet og informasjon vesentleg. På norsk og engelsk nettside er det m.a. følgjande: Historikk. Bilete frå regattaer, båtar og mannskap. Lydklipp der ”Jåttsongen” til Anders Bakke og Kolbjørn Tvedt er med. Gamle filmopptak frå America`s Cup med norske mannskap. Videoklipp og mykje anna.
Årsmøtet i mai gjekk inn for at Venelaget skulle vera på Facebook, der er det no allereie ein stor flokk.
Så langt i Venelaget sin unge eksistens etter skipinga i 2009 kan følgjande resultat/aktivitet nemnast: Utstilling i flytenaustet/turistinformasjonen i Våge (femte sesong). Montasje i den eine salongen til ”Selbjørnsfjord”. Brosjyre om jåttseglarane (ny i 2013). ”Jåttsong” av Anders Bakke og Kolbjørn Tvedt. Laget har vore representert under maritim festival på Stord og har hatt bidrag i utstillinga til Bergen Sjøfartsmuseum si flotte utstilling om Den norske Amerikalinje sitt 100-årsjubileum.
Hans Ole Dalland