J12 på Husnes
18/2/2013 08:54
J12 var på Husnes lørdag 16.02.13 og spela 2 kampar.
Den fyrste kampen var i Husneshallen mot Kvinnherad 2. Jentene frå Tysnes markerte seg frå start og spela god handball saman og ved pause, var stillinga 11-3 til jentene fra Tysnes. Mange av jentene kom på scoringslista og då domaren bles av kampen, var resultatet 18-6 til Tysnejentene.
I den andre kampen i Husneshallen denne dagen, var det Kvinnherad 1, jentene skulle møta. Jentene frå Tysnes har veldig respekt for gjengen fra Kvinnherad, og ved pause var resultatet 7-3 til Kvinnherad. Jentene frå Tysnes fekk ein pangstart i 2. omgång og spela svært godt i forsvar og tok også ansvar i angrep. Dette enda med at det tidleg i 2. omgang stod 7-7 på lystavla. Tysnes fortsatt sitte tøffe spel og dette resulterte i 2 utvisningar på same tid, og Kvinnherad utnytta dette og leia plutseleg 12-9. Tysnesjentene fortsatte sitt gode spel og kjempa seg tilbake til 12-12. Eit straffekast til Kvinnherad, få sekundar før slutt, avgjorde kampen og Kvinnherad vant til slutt 13-12.
