Illustrasjonsbilete

“Ivaretatt” – ei undersøking for deg som er pårørande i kommunen

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/1/2022 08:57

Nyttig verktøy for kommunen.

Som pårørande kan du gje anonym tilbakemelding på korleis du opplever å bli involvert og varetatt i kommunen der du er pårørande.

Undersøkinga “Ivaretatt” vil ligga open nokre månader årleg, i første runde ut mars 2022. Undersøkinga tek om lag 10 til 20 minutt å svara på.

Undersøkinga er eit verktøy til kvalitetsarbeid om pårørande. Kommunen kan henta ut statistikk for korleis pårørande opplever å bli varetatt.

Årleg rapport vil synleggjera område som treng betring og område ein lykkast med.

For å finna undersøkinga, og lesa meir om den, kan du gå til Pårørendesenteret.