Isete vegar

Publisert av:
1/1/2011 14:21

All vinden og regnet i går tok ein god del av isen. Men ikkje alle stader er det blitt lika bra.

Medan det på strekninga Hodnanes-Uggdal-Våge-Lunde er nesten avbert er det ei heilt anna historie på austsida og over fjellet.

I går var det vanvittig glatt, og sjølv med nedbøren utpå dagen så ligg det framleis is i vegen. Frå Vetlabølslia til Onarheim er det berre å rekna seg god tid skal ein ut og køyra bil, og over fjellet frå Onarheim til Uggdal vert det også meldt om glatt føre.

I tolvtida i dag vart det strødd og det betra køyreforholda litegrann.