Invitasjon til romjulscup

Publisert av:
25/11/2009 22:57

TYSNES KRAFTLAG CUP 2009 ROMJULSCUP I TYSNESHALLEN
– også for dei aller yngste!
26.12.09 – 27.12.09

Påmeldingsfrist: 10.desember

Njardar/Tysnes inviterer til romjulscup i Tysneshallen.

Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ein “uhøgtidleg” og sosial fotballcup innandørs, utan for mykje alvor!

Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld dåke på i ein av klassane nedanfor. Fyrste speledag vert 2.juledag. Turneringa vil gå over 2 dagar, 26.12 ca. kl.12-20 og 27.12 ca.kl.12-20 alt etter kor mange lag som melder seg på. Kampane i klasse 6 og 7 vil i år bli spelt 3.juladag (27.des.) frå ca.kl.12-15.

KLASSEINNDELINGAR:
Klasse 1
“Lettbeinte menn” f.o.m. 16 år og oppover (fødd i 1993- )
– inntil 2 aktive pr. lag der begge aktive kan vera på banen samtidig
Klasse 2
“Sårbeinte menn” f.o.m. 16 år og oppover (fødd i 1993- )
– ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg
Klasse 3
“Lettbeinte damer” f.o.m. 15 år og oppover (fødd i 1994- )
– inntil 2 aktive pr. lag der begge aktive kan vera på banen samtidig
Klasse 4
“Sårbeinte damer” f.o.m. 15 år og oppover (fødd i 1994- )
– ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg
Klasse 5 *
Gutar/jenter fødd mellom 1/1-94 og 31/12-96
– ingen begrensingar på aktive
– maks to spelarar fødd i 1994 på banen samtidig
Klasse 6 *
Gutar/jenter fødd mellom 1/1-97 og 31/12-99
– ingen begrensingar på aktive
– maks to spelarar fødd i 1997 på banen samtidig
Klasse 7 *
Gutar/jenter fødd mellom 1/1-00 og 31/12-02
– ingen begrensingar på aktive
– maks to spelarar fødd i 2000 på banen samtidig

Fullstendig turneringsreglement finn du på njardar.no.

PÅMELDINGSFRIST OG BETALING:

Påmelding skjer skriftleg på vedlagde påmeldings-skjema til:
Nils Eivind Hansen – 5690 Lundegrend eller e-mail cup@njardar.no
innan 10.desember 2009.
PÅMELDINGSAVGIFT:
I klassane 1 – 4: kr. 800,- pr.lag
I klassane 5 – 7: kr. 400,- pr lag
PÅMELDINGSAVGIFT BETALAST TIL:
Romjulscup 2009
v/Tore Økland
5680 Tysnes
Bankkontonr.: 3525.40.49032
NB! Påmeldingsavgifta skal betalast innan 10.12.09!!!!
 
PÅMELDINGSSKJEMA TIL ROMJULSCUP I TYSNESHALLEN 2009

NAMN PÅ LAG:
KLASSE:
KONTAKTPERSON:
ADRESSE:
TELEFON:
E-MAIL: