Intimkonsert med Jan Eggum
14/10/2009 09:13
Me er stolte og audmjuke for å kunne presentere ein så stor musikar på den lokale puben vår. Jan Eggum kjem til Mandelhuset 27. november og det er ingen tvil om at dette blir ein fantastisk kveld.
Det blir Jan Eggum og gitaren, intet meir, intet mindre. Det er sånn Eggum er best og det er slik me vil ha han! Han har vore aktiv artist og visesongar sidan 1975. Han vert ofte karakterisert som eit ”ansikt for melankolien”, og tema i songane hans er ofte kjærleikssorg, einsemd og tungsinn, men han har òg ofte både samfunnskritiske og meir trivlege og morosame songtekstar. Til dømes har me den folkekjære songen ”En natt forbi”, opprinneleg skreve på engelsk, med tittelen ”Alone, Awake”.
Det er liten tvil om at dette blir ein spesiell kveld for dei som møter opp! Ta turen alle som ein til Mandelhuset fredag 27. november!
Jan Eggum entrar scenen kl 21:00. Pris for billett: 300,- Billettar i sal på Vågebuo.
Showmeny: Mandelhuset tilbyr ein meny før kvelden med Jan Eggum som blir servert ute i vårt nye selskapslokale; Sjøhuset. Det blir ei bordsetjing kl 19:00.
Menyen utspring frå tida me kjem i og er som følgjer:
Hovudrett: Juletallerken med pinnekjøt, svineribbe, medisterkake, julepølse og tilbehør.
Dessert: Riskrem med raudsaus
Prisen med billett til showet er på kr 600,-
OBS! Det er begrensa antall billettar til både konsert og meny. Dersom du skal ha meny òg må du tinga på tlf for kjøp av både billett og meny. Ikkje kjøp billett på Vågebuo då! Her er det berre til å kasta seg på telefonen!
Ting billetter og showmeny på tlf eller e-post.
Patrick: 48198346
e-post: patrick@mandelhuset.no