Ingen lokal smitte på Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
8/1/2021 11:32

Kommunal kriseleiing (KKL)  har i dag hatt møte. Dei skriv at det ikke er lokal smitte på Tysnes, og at det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Koronavaksine
Dei fyste 10 vaksinane i kommunen er gitt. Etter planen skal alle bebuarane på Tysnes omsorgssenter ha fått sin fyrste vaksinedose i løpet av neste veke.

Frå veke 3 vil ein begynne å vaksinere risikogrupper etter innkalling i bedehuset i Våge. Dei som ikkje har helsa til å kome til bedehuset, vil få tilbod om å få satt vaksinen heime.

Du kan finne oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet

Tiltak i Tysnes kommune
I tråd med forsterka nasjonalt smitteverntiltak er Tysneshallen og bassenget steng for andre enn skulen fram til 18. januar. Biblioteket vil halde opent.

På bakgrunn av regjeringa si oppmoding om nytte heimekontor og å unngå sosial kontakt, vil tilsette på rådhuset som har høve til det, jobbe frå heimekontor. Dette gjeld for dei som kan utføre si arbeide sitt utan å være på rådhuset. Tenestenivået skal i utgangspunktet opprethaldast.

Rådhuset vil halde ope. Men kommunen oppmodar om å ta kontakt per telefon eller e-post, dersom problemstillinga kan løysast slik. Kommunen har òg høve til å halde videomøter.

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune

Kommunen viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus.

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00
I samband med møter i KKL, vil ein frametter legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil kommunen publisere informasjon fortløpande.