Informasjon frå kriseteamet i Tysnes kommune

Publisert av: May Britt Meland
21/6/2022 15:01

Kommunale tilbod i samband med ulykka torsdag

Invitasjon til samvær for barn og foreldre, med tilbod frå kriseteamet

Sted: Tysneshallen
Dag: Onsdag
Dato: 22. juni
Tid: 16:00 – 18:30

Mange har behov for å møtast og vera saman etter den tragiske ulukka torsdag. Tysnes kommune vil halde Tysneshallen ope på onsdag. Foreldre med barn i alle aldre er velkommne.

Kommunen vil stille med representanter frå kriseteamet.

Dette vert ein møtestad med rom for leik og prat. Eit lågterskel tilbod for alle som trenger nokon å snakke med – om det er med kvarandre eller med profesjonelle.

Me serverer kaffi og saft.

For spørsmål ta kontakt May Siren B. Holme eller Betsy H. Nikolaisen

 

Trenger du noko å snakke med?

Ved behov for oppfølging/rettleiing utover det ordinære hjelpeapparatet som til dømes fastlegen, kan enkeltpersonar ta direkte kontakt med representanter frå  kriseteamet (sjå kontaktinfo under).

Me vil vera tilgjengelege på telefon på kvardagar mellom klokka 08:00 og 15:00.

Ved behov for akutt hjelp ta kontakt med legevakt.

 

Kontaktinfo:

May Siren B. Holme
Psykisk helsearbeidar
Tlf: 951 80 517
E-post: may.siren.birkeland.holme@tysnes.kommune.no

Betsy H. Nikolaisen
Psykisk helsearbeidar
Tlf: 478 76 133
E-post: betsy.nikolaisen@tysnes.kommune.no