Publisert av:
28/11/2016 10:41
Informasjon frå biblioteket
Det vert nokre endringar på kalendaren for biblioteket frametter. Absolutt siste frist for tilbakelevering av fjernlånt materiale er fredag 9. desember. Etter den dato vil lånar sjølv bli ansvarleg for retur via eit anna bibliotek.
Fredag 9. desember vert også siste ordinære opningsdag. Bøker tilhøyrande Tysnes folkebibliotek som ikkje er tilbakelevert innan den dato kan leggjast i kassen ved inngangsdøra (NB! Gjeld IKKJE bøker lånt frå andre bibliotek.) Biblioteket vert i tillegg stengd fredag 2. desember grunna møte i biblioteksamarbeidet for Sunnhordland.
Det er ikkje sett noko tidspunkt for kor tid biblioteket opnar att i 2017.
Eg vil til slutt takka alle brukarar av biblioteket for 18 gode og hyggelege år ved Tysnes folkebibliotek!
Meir info www.tysnesbibliotek.no