Info om gamal båt
7/9/2009 13:48
I artikkelen under “Før i tida” står det at dette truleg “Hansabåten”.
– Dette er nok ikkje “Hansabåten”, seier Bjarne Nygård til Tysnesingen. – “Hansabåten” som vart bygd i 1944 hadde eit anna overbygg. Den vart seld til firma Jacobsen som kalla den for “Valdjakt”. Seinare var det ein privatmann i Morvik som kjøpte den, og då fekk den namnet “Quest”, seier han.
– Denne båten som er avbilda var Kartvesenet sin eigedom. Eg trur den hadde namnet “Sjømålaren” seier Nygård.
Oppdatert 090909:
Det stemmer at Sjømålaren var sjøkartverket sin båt,i si tid var den bygt her på Lunde Båtbyggeri og var den største båten som var bygd her.Seinare vart han forlengd,men det var ikkje gjort her så vidt eg veit. For mange år sidan,så låg den tilsalgs i Stavanger,det var nok på 80 talet ein gong.
Gamle bilete er populært under “Før i tida”. Har du eit gamalt bilete du vil dela med andre, send det på mail til gu-ha@c2i.net!