Publisert av:
5/9/2014 17:48
Idrettsmerkeprøvar
I fyrste omgang blir det onsdagane 10. og 17.september, men det blir heilt sikkert fleire høve utover hausten for dei som ikkje kan møta no. Tidlegare år er det nokre som har stilt opp like før jul fordi dei var opptekne om hausten, men så ville dei så gjerna ta idrettsmerket før året var omme. Men det er best å få det unna før kulde og snø kjem.
Flokken av idrettsmerketakarar er ikkje så stor, men det er ein stabil og sprek flokk. Gledeleg i fjor var det at dei to “faste” kvinnelege aktørane gjennom mange år fekk selskap av to nye damer. Og dei greidde krava med glans. I år håpar ein at endå fleire nye, både menn og kvinner, stiller opp. Krava er absolutt ikkje avskrekkande. Vel møtt !
HOD