Publisert av:
26/9/2013 15:56
Idrettsmerke- prøvar 2013
Hausten er godt i gang, og før det blir for seint på året, er det heilt sikkert i år også nokon som har lyst til å gjera unna idrettsmerkeprøvane.
No blir det i fyrste omgang to datoar å velja mellom. Den fyrste blir laurdag 28. september kl. 17.00.
I neste veke kan interesserte møta fram onsdag 2. oktober kl. 17.30.
Begge dagar på idrettsbanen ved Tysnes skule.
Til glede for alle som stiller opp i år kan det meldast at det er heilt ny og flott hoppegrop på plass.
Då er det berre å ønskja retteleg mange velkomne.
Sjå elles kalenderen på tysnesingen.no
Tekst og bilde: Hans Ole Dalland