Idrettsmerke- prøvar
17/9/2015 19:12
I Tysnes idrettslag har det så langt i haust vore to økter med idrettsmerkeprøvar. Alle som har møtt fram til no har greidd krava.
I tillegg til å prestera fysisk og teknisk, får dei frammøtte eit godt høve til å ha ei sosial og hyggjeleg stund saman. Det er alltid godt humør og god stemning som pregar denne friidrettsaktiviteten på idrettsbanen ved Tysnes skule.
Onsdag kveld møtte Arvid Økland, Stein Aanesen og Lars Petter Epland. Alle tre greidde krava på ein solid måte. Både 60 meter, stille lengde og styrkekravet gjekk unna i ein fei og med gode marginar til krava. Uthald fiksar dei òg godt.
Dei tre spreke veteranane har møtt fram kvart år gjennom dei 30 åra idrettslaget har arrangert desse prøvane. Alle tre held seg i god form.
Neste prøvekveld blir onsdag i fyrstkomande veke, 23, september kl. 18.00.
Tekst/foto:Hans Ole Dalland