Idrettslag som held liv i friidretten
11/2/2016 17:42
Tekst/foto:H. O. D.
Fyrste gongen i 1985 var det 2 kvinner og 6 menn som greidde krava til idrettsmerket. Året etter (1986) var ei tre gonger så stor gruppe i aksjon; 8 kvinner og 15 menn. Det gode deltakartalet det året hadde Tysnes musikklag mykje av æra for. Laget tok nemleg utfordringa om å vera med på dette. 13 musikantar møtte fram på merkeprøvane og imponerte med gode resultat. Det vart med den eine gongen. Kanskje musikklaget kan gjera comeback på dette feltet i år?
Sprek 82-åring
Deltakartalet har variert gjennom desse 30 åra. På det meste har 29 greidd krava. Det var i 2002. Nokre har vore med heile tida. Éin av desse er Tor Ottersen som i ein alder av 82 år i fjor gjorde ein strålande innsats og igjen tok idrettsmerket. I stova si har han no både statuett, krus, miniatyrstatuett i bronse og heiderspris .
Det må og nemnast at to andre har gjort det godt og vore flittige gjennom mange år. Asle Bernt Rekve er no registrert med 48 gonger for å ha teke idrettsmerket. Stein Aanesen har greidd krava 46 gonger. Begge desse to sistnemnde hadde teke idrettsmerket ein del gonger før Tysnes idrettslag starta med prøvane i 1985.
Inspirert debutant
I fjor dukka ein ny kar opp for fyrste gong. Morten Storetvedt heiter han, og som debutant opplevde han dette som både inspirerande og meiningsfylt. Dei som kjenner han er imponerte over det han har gjort for å koma i betre fysisk form.
-Eg vog altfor mykje og var vel helst i elendig fysisk form. Dette ville eg gjera noko med og byrja etter Tysnesfest i fjor på Svingen Puls. Der har eg hatt svært godt utbyte av treningsopplegget eg fekk, og i tillegg har eg både sykla ein del og drive med symjing. Eg er no 22 kilo lettare og føler meg i mykje betre fysisk form og har planar om å sykla Bergen-Voss og delta i Os Trilaton til sommaren.
-Å vera med på idrettsmerkeprøvane var veldig kjekt. Eg var usikker på om eg ville greia krava, men det gjekk jo bra, og det fine er jo at innafor dei ulike gruppene (hurtigheit, spenst, styrke og uthald) er det fleire alternativ ein kan prøva seg på. Eg blir heilt sikkert med på idrettsmerkeprøvane også i år, og eg oppfordrar andre nye til å bli med, seier Morten Storetvedt.
Morten Storetvedt debuterte som idrettsmerketakar i fjor og opplevde dette som motiverande for å driva med fysisk aktivitet vidare.
Følgjande greidde krava til idrettsmerket i Tysnes IL i 2015.
(Tala i parentes viser kor mange gonger den enkelte har teke idrettsmerket):
Tor Ottersen (31)
Asle Bernt Rekve (48)
Stein Aanesen (46)
Lars Petter Epland (24)
Arvid Gaugstad (31)
Anne Merete B. Dalland (30)
Janine Freyboth (2)
Arvid Økland (29)
Eva Kalgraf (29)
Hans Ole Dalland (31)
Morten Storetvedt (1)
Tre spreke karar som trufast møter fram når det er idrettsmerkeprøvar. F. v.: Stein Aanesen, Lars Petter Epland og Arvid Økland.