Idol-Eirik kjem!

Publisert av:
29/5/2013 15:00

Torsdag 11. juli har me laga plass i programmet til suksessartisten frå Os.

Eirik Søfteland har teke landet med full storm etter si deltaking i Idol 2013, der han til slutt enda på andreplass. Under Tysnesfest stiller han med fullt band, og lovar publikum ein hitkavalkade av dei sjeldne basert på alle sangane han serverte i idol.

Me er overtydde om at dette vert ein suveren opning av konsertarenaen vår på Gjerstad, og gler oss stort til å ta i mot Idol-Eirik!