Ida Jenshus og Staut

Publisert av:
4/4/2015 08:06

Konsertane i Onarheim Kyrkje og Kjevikjo er viktige for Tysnesfest.
Det vert lukta og leita etter artistar som både kan formidla, levera og vonleg gje publikum meir enn dei forventar!

IDA JENSHUS
27 år gamle Ida Jenshus frå Steinkjer har etablert seg som ein av Norges mest spanande artistar. Ho tangerte tidlegare rekordar då ho fekk sin tredje av tre mogelege Spellemannsprisar i 2012 og er dermed den einaste artisten som har motteke Spellemann for alle sine album utgjevingar; Color of the Sun (2008), No Guarantees (2010) og Someone To Love (2012).

Det siste året har Ida igjen jobba saman med produsent Kåre Vestrheim på sitt nye album som vart slept 13. mars.

Ho har vore opptatt av å fornye seg, bryte ut av komfortsonen og hoppe ut i noko nytt og ukjent – både musikalsk og personleg. Av den grunn passar arbeidstittelen på det nye prosjektet svært godt: «Starting Over Again».

Omtalar på «Starting Over Again»:
Dagbladet
Adressa
Countrylandet

 

STAUT
STAUT har teke Norge med storm. Folkerock-bandet frå Valdres slo gjennom i 2010, og sidan har det gått i eitt.

I løp av fire år har gutane gitt ut like mange album, og hatt svært mange spelejobbar over heile landet. No vil bandet at publikum skal få nyte musikken i ro og mak.

Ut med lerkene
STAUT har eit stort publikum som dukkar opp på konsertane deira kvar einaste helg, heile året. Der blir dei ofte møtt av både songfuglar og lommelerker.
– Denne gongen lar vi derimot lerkene bli igjen hjemme slik at det blir plass til både bestefar og minstejenta i familien på konsert. For dem som kjenner bandet fra før loves mange hyggelig gjenhør, men også noen overraskelser.

Ingen fancy triks
Målsetjinga for turneen er ærleg musikk utan fancy triks. STAUT stiller pene i tøyet, med finkjemma bakoversveis og med nystemde strengar og trommer i takt.

– Dessuten har vi for anledningen bæretillatelse på både mandolin og trekkspill, spøker bandet.

STAUT har gjennom åra etablert seg som eit av dei aller største folkerock-banda i Norge. Dei er blitt eit av Norges mestspelande band og deira tre fyrste album har til saman lege 36 veke på Norges offisielle albumliste, VG-lista.

Deira førre plate «Stugureint» gjekk rett inn på 1. plass på lista.
For tida er STAUT aktuell med det nye albumet «St. Peppersby» og singlen «Privat Rennestein».