Publisert av:
24/10/2014 07:57
I helga er det igjen tid for å stille klokka
Søndag 26. oktober skal klokka stillast ein time tilbake frå klokka 03.00 til 02.00.
For mange betyr dette ein time ekstra med søvn. Medan andre nyttar timen til ein ekstra lang laurdagskveld.
Ikkje alle er like nøgd med ordninga.
Det kan vere mange grunnar til å mislike ordninga. Dei fleste har framleis fleire klokker som fysisk må rettast heime og på jobb. Å gløyme ei klokke er nok til at ein brått får seg ei overrasking. Andre slit meir med det fysiske. For dei fleste går dette greitt, men nokre menneske er meir sårbare for endringar i døgnrytmen.
Huskeregel: På hausten lengtar du tilbake til sommaren og stiller klokka tilbake. Om våren ser ein fram til sommaren, og stiller klokka fram.