Hugs refleks

Publisert av:
6/1/2012 14:26

Det er elevar i småskulen på Onarheim som har laga plakatane i samband med 13.dag jul og julebukkdag som er i dag fredag.

Barna meiner elles at det er ungdomar og vaksne som må bli flinkare til å hugsa refleks, skriv Onarheim skule på nett.

Elevane har laga plakatar som dei vil henga opp ulike stader i nærmiljøet for å minna oss om at me må hugsa refleks i mørkret.

Sjå etter dei på butikkane, på fergekaien, i busskura og på skulen/barnehagen, er oppmodinga frå Onarheim skule.