Hotell Tysnesfest

Publisert av:
12/6/2015 18:43

Hotell Tysnesfest!
50 rom til utleige gjennom heile festivalen!

-Når Tysnes ikkje har hotell må hotellet koma til Tysnes!

Tysnesfest har fått landa ein avtale med MW Marine som eig flotellet Bell Riva. Dette vert ein unik sjanse til å bu komfortabelt under Tysnesfest midt i Våge sentrum!

Med Bell Riva vil ein ha 50 rom over 3 etasjer tilgjengelig. Alle med dusj og toalett. Kvart rom er på 16m2 og ein kan bu enkeltvis eller to pr. rom.

Ein kan berre kjøpe overnatting på Bell Riva om du har- eller skal kjøpe festivalpass, og ein kan ikkje kjøpa enkle netter.

Her gjeld verkeleg prinsippet om førstemann til mølla, så ta kontakt snarast om du vil sikra deg eit rom under årets festival!

 

Pris:      
Enkeltrom torsdag-søndag kr 5760,- (1890,- pr. natt)

Dobbeltrom torsdag-søndag kr 6870,- (2290,- pr. natt, 1145 pr. pers, pr. natt)

 

For bestilling eller spørsmål send epost til hotell@tysnesfest.no

NB: 20 års aldersgrense, eller i lag med forelder.