Hobby kafé
4/10/2019 09:01
Med Oktober er hausten her, mørkare kveldar og innekos. Då er det kjekt å møtast ,ha eit spøt på handa eller andre hobbyaktiviteter, eller berre vera sosial.
Hobby kaféen til Lodott-klubben starta opp att i går kveld og 17 damer benka seg rundt borda.
Praten gjekk livlig innimellom teljing av masker og andre aktiviteter.
Me snakka i vår om å ha eit strikkeprosjekt i haust, me har tidlegare strikka til kpk-Ukraina og valget falt no på amandaprosjektet .
Det er strikking av bla tepper, lue, sokker m.m til premature barn.
Tysnes høyrer til HF Helse Fonna og det som er strikka blir overlevert til kontaktperson ved Haugesund sykehus.
Dette er eit prosjekt for heile landet og dei vidareformidlar om det skulle vera behov ved andre sykehus.
Kaffi/te og noko å bita i var det sjølvsagt og lynutlodning med fine gevinstar. Neste hobby kafé vert om 14 dager.
Du kan lesa meir om amandaprosjektet her: amandaprosjektet.no
Tekst og bilete: Anne Langeland