Hjortemøte i Grendatun

Publisert av:
15/3/2013 18:34

Arve Aarhus, prosjektkoordinator i Hordahjortprosjektet leia hjortemøtet torsdag kveld. 

Hordahjortprosjektet vart starta i 2008 og vart avslutta i 2012. Talmaterialet og forskingsdata frå desse 5 åra vart oppsummert, og vidarebehandling vart påbegynt no i 2013.

Hovedmålet til hordahjort er ei stammeretta forvaltning av hjort og ei meir forutsigbar bestandsutvikling. Dette var også kveldens hovudtema.

Hordahjort har GPS merkja ei rekkje hjortar i hordaland og har såleis kunne fulgt desse hjortane sine trekkmønster heilt nøyaktig. På Tysnes vart det merkja 3 bukkar og 1 kolle. Trekkmønster for desse dyra var svært ulike. 

Det som ein kan slå fast etter å ha sett på alle dei merka hjortane i prosjektet er at hos kollene er det eit markant skille mellom «rolege» dyr som held seg i sitt område og koller som har sine årlege lange vandringar. Hos bukkane er lange vandringar det vanlege.

Arve Aarhus kunne fortelja at dei pr. i dag meinte at ein gjennomsnittleg hjortebestand nytta eit område på 300 000 mål!

Det som var mest styrande for hjortane sine vandringar var topografien. Til dømes var det mange hjortar som ikkje kryssa vatn og fjordar unødvendig.

Siste delen av møtet vart brukt i smågrupper. Kvar gruppe skulle teikna inn det dei meinte var ei fornuftig framtidig bestandsinndeling på Tysnes, evt. om ein burde trekkje inn andre områder saman med Tysnes for å få gode inndelingar, sett med tanke på hjoten sine vandringar. 

Dei innleverte karta ville bli nytta i det vidare arbeidet med framtidig inndeling av bestandsplanområder. Spesielt om forslaga frå dei om lag 45 frammøtte var nokolunde samkøyrte kunne dette vere eit godt utgangspunkt.