Publisert av:
26/3/2009 21:21
Hjortemerking og teljing
– Me veit ikkje korhen hjortemerkinga vil føregå, det blir rundt på heile Tysnes, seier Jon Arvid Kleppe til Tysnesingen.
Han ber grunneigarar vera forberedt på lys og aktivitet. Arbeidet går gjennom Viltnemnda på Tysnes.
– Me skal merkja 3 koller og ein bukk, og det vil bli brukt bedøvingspil så me må på forholdsvis nært hald, opplyser Kleppe.
Frå dyra vil det bli tatt blodprøver, hårprøver og sett på GPS halsband. Sistnemnde gjer at ein på sikt, truleg til hausten, så kan ein følgja dei merka hjortane frå eigen pc heime.
Per Vermedal talde 31 hjort på veg inn på innmark i Uggdalsdalen klokka 21 fredag kveld den 27.3.